Utsyn misjonssenter er ein leirstad som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. 
Leirstaden ligg på austsida av Finnøy i Ryfylke, 1,3 kilometer frå Judaberg som er kommunesentrum, og ca 50 minutters køyring frå Stavanger sentrum. Utsyn ligg vakkert til med flott panoramautsikt utover Finnøyfjorden. Her kan du drøyme deg bort til deilige Finnøy-tomater, segltur, fisketur, Ryfylkesomrar og alt anna godt som berre Ryfylke kan by på.


 Aktivitetar på Utsyn og på Finnøy

Sjøbasseng - me har eit flott sjøbasseng i berget rett nedføre matsalen. Vatn i bassenget må bestillast minst eit døgn i forkant av opphaldet. Pris for dette er 500,-.  Gruppene som leiger bassenget må sjølv organisera badevaktsordning for når bassenget er i bruk, og sørge for at sikkerhetsnettet er festa på over heile bassenget når det ikkje er i bruk. Her er det fint for små born å bade, og området rundt er tilpassa for dei voksne for passa godt på.

Ballbinge - ballbingen ligg rett ovanfor internatet og er ein god arena for leik og ballspel. Ballbingen er og flittig brukt av borna i byggefeltet rundt.

Leikeplass - på tunet er det ein liten leikeplass med forskjellige leike- og klatreapparat.

Gapahuk - ned mot sjøen er det bygd ein gapahuk med sitteplasser og grillplass. Fin utsikt utover fjorden, og triveleg stad å grille, ta med vener og gitaren og jamme litt, koselege kveldsstunder.

Stangfiske og bading i sjøen - om ein går ned til sjøen, nedføre gapahuken, er det eit flott område for stangfiske. Trass nydeleg plassering tett til sjøen, har me dessverre ikkje kunna nytta sjøkanten slik me skulle ynskje med kai og brygge. Det er brådjupt ved svaberga nedføre Utsyn, og sterke sjøstraumar rundar berga her som gjer at dette vert vanskeleg. Men det er flott for stangfiske, og eldre ungdommar badar gjerne der allikevel, men det er dessverre ikke særleg barnevenleg sjøkant. På sommarleirane brukar me bassenget eller reiser til badestrender andre stader på øya.

 

Aktiviteter ellers på Finnøy som kan være verdt et besøk

Kaihuset
Finnøy blomster og interiør
Ryfylke Livsgnist

Fiolen familiepark, Talgje

Sanse helsegaard

Finnøy kommune

Tomatfestivalen SA

 

Historia vår

På 50-talet ynskte misjonen (NLM) å byggje fleire leirstader og ungdomssenter som kunne vere arena for kristent barne- og ungdomsarbeid. På misjonssambandets (NLM) sitt kretsårsmøte i 1957, vart ideen om å byggje ein leirstad i Ryfylke lufta for fyrste gong, og dette kallet nådde Gunnar og Gunda Alsvik. Ein dag då Gunnar gjekk ein tur på eigedomen sin, glei han utføre ei skrent på neset der Utsyn ligg i dag. Han opplevde det som Guds hand berga han, og etter dette var dei samstemte om at denne staden skulle misjonen få til å driva leirarbeid for born og unge.

I 1965 stod leirplassen ferdig, og same sommaren, før alt var på plass, vart den fyrste leiren arrangert. Sidan dette året har tusenvis av born og unge vore på leir på Utsyn – og dette er fortsatt hovudverksemda her på plassen.

Utover åra har Utsyn vorte utvida i fleire omgangar; fyrst med fleire overnattingsrom i sokkelen under internatet, så i 1981 stod hyttene ferdige. Hausten 1982 starta barnehagen opp, i dag har denne lokaler i sokkelen under internatet og ved sidan av internatet. Det siste er dei fire nye dobbeltromma på Bjørketun som stod ferdig hausten 2015.

I 2017 endra Utsyn namn frå Utsyn ungdomssenter til Utsyn Misjonssenter. Leirarbeidet er fortsatt hovedverksemda, men det foregår mykje anna når det er ledig kapasitet; selskap, bryllaup, minnemøte, konferansar, møter, opne middagar, og mange bestiller catering frå oss. Og som einaste overnattingsstad på Finnøy, har me mykje gjester på overnatting.

Utsyn har mange vener som brenn for plassen, og som ivrar for å vere med på dugnad – både på kjøkkenet og utvendig med vaktmesteroppgåver. Dei brenn for at Utsyn skal få vere eit misjonssenter både lokalt og regionalt.

Me ynskjer varmt velkommen til Utsyn!

 

 

Sissel Marie Bjerga,
dagleg leiar på Utsyn Misjonssenter
 

 

 

 

Utsyn barnehage

Utsyn barnehage held til på Utsyn under internatet, i nyoppussa lokaler, og flott nyoppgradert uteområde. Barnehagen er ein kristen barnehage, driven av NLM, med kristen formålsparagraf. Det er ein treavdelingsbarnehage, med totalt 45 plasser, og har god søkning til barnehagen. Kvar veke er det “Åpen barnehage” slik at heimeverande foreldre kan koma innom, og verta kjend med barnehagen. Ta kontakt med barnehagen om du er interessert i å søkje om plass.