Kurs eller konferanse på Finnøy i Ryfylke?

Utsyn Misjonssenter har flotte og nyoppussa lokaler, og er ein populær stad for både for kurs, møter og konferansar. Me har eige storkjøkken, og lagar det meste på Utsyn - nybakt og heimelaga.

Kva med ei lunsj til lunsj-samling med dei tilsette med god mat, gode lokaler for både fagleg utvikling, bygge fellesskap og ikkje minst ha det sosialt saman. Me lagar gjerne til pakketilbod med overnatting og dei måltida ein treng.

Møtesalen og matsalen er avdelt med foldevegg. Denne kan opnast opp ved behov. Matsalen er vanlegvis møblert slik at det er plass til rundt 80 rundt borda. Det er og eit godt vrimleareal i inngongen. I møtesalen kan ein både møblere med møtesalrekker eller bord. Det er god plass til 100 gjester rundt bord. Salane kan brukast kvar for seg, med konferanse i møtesalen og matservering i matsalen, eller som eit stort ope rom.

Både møtesal og matsal har fastmontert lerret og projektor som kan samkøyrast. Det er godt lydanlegg i begge salane.