Velkommen til leir og weekend på Utsyn!

…Eller til grupper i kvardagane!

Ekte leirstemning er godlyd på ein leirplass!
Nesten kvar helg gjennom året, vert Utsyn brukt til leir og weekend. Misjonssambandet som eig plassen, arrangerer rundt 15 leirar og weekendar gjennom året, og dei resterande helgene har me ofte helgearrangement for ungdomslag, konfirmantar, forsamlingar og kyrkjelydar eller private selskap og storfamiliesamlingar.


-Me har 81 sengeplasser fordelt på 21 overnattingsrom, alle med eige bad, og me har alt frå einerom til seksmannsrom. Alle rom er nyoppussa dei siste åra, og det er gode madrassar i sengene.
-I hovudbygget er det møtesal/stove og matsal. Her er mykje ulike spel, instrumenter, projektor og lydanlegg. I tillegg har me ein liten kiosk. Ute finn du både leikeplass, ballbinge, og me har forskjellig leikeutstyr som kan lånast ut.

På grunn av stor pågang på weekendopphald, er det lurt å vere nesten eit år i førevegen for å få den helga ein ynskjer. Det er også fullt mogleg for grupper å koma hit i vekedagane. Me har både hatt medarbeidersamlinger, skuleklassar, pensjonsistgrupper på opphold i vekedagane. På Utsyn legg vi til rette slik at leirer, weekender og andre arrangement skal bli en god opplevelse for alle involverte. Vi har gode fasiliteter og fleksible løsninger for både små og store grupper.

Ta kontakt om aktuell/aktuelle helger, og fortell oss om kor stor gruppa kan bli, kva de ynskjer av måltid og standard, så kjem me tilbake med eit tilbod til dykk.




Leir og påmelding

Misjonssambandet har faste leirsesongar kvart år; påskeleirar, sommerleirar og juleweekendar. Då samlast born og unge i aktuell aldersgruppe for å høyre frå bibelen, oppleve mange ulike aktivitetar, få nye vener og ha ei flott helg på Utsyn.

Påmelding til leirane på Utsyn gjer du på NLM sine sider.

  • Informasjon og påmelding til leir finn du på NLM sine nettsider; www.nlm.no og påmelding for leir opnar to månadar før leirsesongen. Ved påmelding mottek ein mail som stadfestar om ein har fått plass på leiren, eller om ein er på venteliste.

  • Leir betales ved påmelding

  • Les meir om NLM sine rutinar for leirane her.