Overnatting; hotellrom, hytte, eller rimelig familierom på Finnøy?

Treng du overnatting på Finnøy, er Utsyn staden for dette. Utsyn misjonssenter har 66 senger fordelt på rimelege familierom på internatet, hytter og hotellrom. Me tilbyr overnatting både for større grupper og for enkeltpersonar. Les meir om dei ulike romma me har for overnatting under.


Leige hytte på Finnøy?

Hytte 1: To soverom med eige bad, tre sengeplasser på hvert rom.
Hytte 2: To soverom med eige bad, to sengeplasser på hvert rom. Hytte 3: To soverom med eige bad, tre sengeplasser på eit rom, og fire på det andre (nyoppussa januar 2018)

Hyttene har ein god standard med to soverom med bad til kvart soverom. Det er eit lite tekjøkken som er fullt utstyrt, mikrobølgeomn/steikeomn, kokeplater, kaffetraktar og vannkokar. Det er sitteplass til 5 personar på kjøkkenet, og det er ei lita stove på kvar hytte. Det ligg dyne og pute på kvar seng, og ein kan bestille oppreidd seng i tillegg til prisen om ein ynskjer dette. Hyttene passer godt for deg som skal vere nokre dagar og som vil ordne med enkle måltid på hytta sjølv.
Det er gratis internett på hytta, og på hytte 1 og 2 er det ein liten TV med NRK. Det er også mogleg å få låne vaskemaskin og tørketrommel i felles vaskerom.

Priser:
Hytte 1: 750,- per døgn
Hytte 2: 700,- per døgn

Hytte 3: 800,- per døgn

Oppreidd seng og håndkle: 150,- per seng

Leige utvask: 400,-

 

Send en forespørsel om ledig rom, hytte her


Treng du hotellrom?

Me har fire nye hotellrom; gode dobbeltrom med stort bad. Romma er utstyrt med skrivebord, vannkokar og eit lite kjøleskap.
Bygget stod ferdig i 2015.
 

Pris:

Einerom: 650,- per natt inkl. oppreidd seng

Dobbeltrom: 800,- per natt inkl oppreidd seng

Me tilbyr frokostservering til større grupper, fra 10-12 personer, men vi lagar gjerne frukostpakkar som kan setjast inn i kjøleskapet på rommet.

 

Send spørsmål om å få leige rom her


Rimelege familierom

Sommaren 2018 vart heile internatet totalrenovert. Her er det åtte soverom med eige bad. Seks av desse romma er femmannsrom, og to er seksmannsrom; totalt 42 sengeplasser.

Romma har nye køyesenger og alle femmannsromma har ein sovesofa på rommet. Rommet har i tillegg to stolar og eit vegghengt bord. Det ligg dyne og pute til alle sengene på kvart rom.
Midt i bygget er det eit lite tekjøkken, felles for alle rom. Her er det to kokeplater, vannkokar, kaffetraktar og kjøleskap, og kjøkkenet er fullt utstyrt med det kjøkkenutstyret du trenger.
Det er ein barnehage, Utsyn barnehage, i etasjen under. Bygget brukest mest i forbinding med leir og weekendar.

Pris: 550,- per natt per rom

 

Send spørsmål om ledig tidsrom for å leige rom på internatet her