Utsyn misjonssenter er ein leirstad som er eigd av Norsk Luthersk Misjonssamband. 
Leirstaden ligg på austsida av Finnøy i Ryfylke, 1,3 kilometer frå Judaberg som er kommunesentrum, og ca 50 minutters køyring frå Stavanger sentrum. Utsyn ligg vakkert til med flott panoramautsikt utover Finnøyfjorden. Her kan du drøyme deg bort til segltur, fisketur, Ryfylkesomrar og alt anna godt som bare Ryfylke kan by på.


 Aktivitetar på Utsyn og på Finnøy

Sjøbasseng - me har eit flott sjøbasseng i berget rett nedføre matsalen. Vatn i bassenget må bestillast minst eit døgn i forkant av opphaldet. Pris for dette er 500,-.  Gruppene som leiger bassenget må sjlv organisera badevaktsordning for når bassenget er i bruk. Her er det fint for små born å å bade, og området rundt er tilpassa for dei voksne for passa godt på.

Ballbinge - ballbingen ligg rett ovanfor internatet og er ein god arena for lek og ballspill. Ballbingen er og flittig brukt av borna i byggefeltet rundt.

Leikeplass - på tunet er det ein liten leikeplass med forskjellige leike- og klatreapparat.

Gapahuk - ned mot sjøen er det bygd ein gapahuk med sitteplasser og grillplass. Fin utsikt utover fjorden, og triveleg stad å grille, ta med vener og gitaren og jamme litt, koselege kveldsstunder.

Stangfiske og bading i sjøen - om ein går ned til sjøen, nedføre gapahuken, er det eit flott område for stangfiske. Trass nydeleg plassering tett til sjøen, har me dessverre ikkje kunna nytts sjøkanten slik me skulle ynskje med kai og brygge. Det er brådjupt ved svaberga nedføre Utsyn, og sterke sjøstraumar rundar berga her som gjer at dette vert vanskeleg. Men det er flott for stangfiske, og eldre ungdommar badar gjerne der allikevel, men det er dessverre ikke særleg barnevenleg sjøkant. På sommarleirane brukar me bassenget eller reiser til badestrender andre stader på øya.

 

Aktiviteter ellers på Finnøy som kan være verdt et besøk

Kaihuset
Finnøy blomster og interiør
Ryfylke Livsgnist

Fiolen familiepark, Talgje

Sanse helsegaard

Finnøy kommune

Tomatfestivalen SA

 

Historia vår

Utsyn vart bygd i 1965, og var og er ein viktig ressurs i det kristne barne- og ungdomsarbeidet. Kvart år har me leirar som samlar fleire hundre born og unge. Utsyn ynskjer og vere med å driva kristent arbeid lokalt. Misjonslaget arrangerer åpne møter, og Utsyn vert og utleigd i forbindelse med menighetsweekendar, ulike møter (årsmøter, temamøter, kristne møter). Me har og godt egna selskapslokale til bryllaup, bursdagar, konfirmasjonar og minnestunder. Me tilbyr og overnatting i vekedagene og ledige helger, og det er hyttene som er mest populære der det er mogleg å laga seg enkel mat.

 

 

Sissel Marie Bjerga,
dagleg leiar på Utsyn misjonssenter
 

 

 

 

Utsyn barnehage

Utsyn barnehage held til på Utsyn under internatet, i nyoppussa lokaler, og flott nyoppgradert uteområde. Barnehagen er ein treavdelingsbarnehage, med totalt 45 plasser, og har god søkning til barnehagen. Hver onsdag tilbyr barnehagen "Åpen barnehage" for foreldre som er hjemme med små barn.
Barnehagen startet opp i 1982.