Treng du overnatting i Ryfylke?
Opplev øyriket i Stavanger kommune!

Her på Utsyn har vi flotte og nyoppussa rom og hytter til utleige som passar godt som base for ei veke med familien på tur, eller ei langhelg. Uteområdet på Utsyn kan nyttast. Her er det tilgang på bålpanne, grill, badeplass for dei som likar å hoppe i sjøen, ballbinge og leikeplass.
Dersom du ynskjer å ha med ei gruppe på weekend eller leir, les meir nedst på denne sida.
Få meir informasjon om hytter, internatrom og hotellrom under.

Leige hytte til overnatting på Finnøy i Ryfylke?

Me har 3 hytter/leiligheter som alle var nyoppussa i tidsrommet 2018-2020.

Hyttene har god standard med to soverom (7 sengeplassar) med bad til kvart rom. Det er eit lite kjøkken som er fullt utstyrt med steikeomn, kokeplater, kjøleskap, oppvaskmaskin, kaffetraktar og vannkokar. Det er sitteplass til 4-5 personar på kjøkkenet, og det er ei lita stove i kvar hytte. Det ligg dyne og pute på kvar seng, og ein kan bestille oppreidd seng/leige av sengetøy mot tillegg i prisen om ein ynskjer det. Hyttene passar godt for deg som skal vere nokre dagar og som vil ordne med enkle måltid på hytta sjølv.
Det er gratis internett på hytta. Det er også mogleg å få låne vaskemaskin og tørketrommel i felles vaskerom.


Prisar frå 1. januar 2023

Døgnpris: 1600,- (Dersom ein berre treng eit soverom er prisen 1200,-)
25% rabatt ved leige av hytta i meir enn fire netter samanhengande.

Leige av sengetøy og handkle: 100,- per sett
Ferdig oppreidd seng og handkle: 200,- per seng

Utvask er inkludert i hytteleiga, men ein må rydde hytta, ta oppvasken og tømme søppel før ein reiser.

Me tilbyr frukostservering til større grupper, frå 10-12 personer. Ved færre personar kan me laga frukostpakkar som kan setjast inn i kjøleskapet på rommet på bestilling.


Rom på Bjørketun (nybygg 2015)

Bjørketun har fire flotte rom med stort bad.

-Rom 1: Tre sengeplasser; (ei enkeltseng og ei køyeseng)
-Rom 2: To sengeplassar (ei dobbeltseng, evt to enkeltsenger)
-Rom 3: To sengeplassar (ei dobbeltseng, evt to enkeltsenger)
-Rom 4: Ei seng og enkelt kjøkken (kjøkkenbenk med oppvaskkum, kjøleskap, mikrobølgeovn, vannkokar). Det er også ein sofastol som kan gjerast om til seng. Dette rommet blir brukt som felles stove/kjøkken for dei andre romma ved behov når det er overnatting over fleire dagar utan tilbod om matservering i hovudbygget.

Prisar frå 1. januar 2023:

Einerom: 1200,- inkl. oppreidd seng
Dobbeltrom: 1400,- inkl. oppreidd seng

Utvask er inkludert i leiga, men ein må rydde rommet, og tømme søppel før ein reiser.

Me tilbyr frukostservering til større grupper, frå 10-12 personer. Ved færre personar kan me laga frukostpakkar som kan setjast inn i kjøleskapet på rommet på bestilling.


Rimelig rom på internatet?

Sommaren 2018 vart heile internatet totalrenovert. Her er det åtte soverom med eige bad. Seks av desse romma er femmannsrom, og to er seksmannsrom; totalt 42 sengeplasser.

Romma har nye køyesenger og alle femmannsromma har ein sovesofa på rommet. Rommet har i tillegg to stolar og eit vegghengt bord. Det ligg dyne og pute til alle sengene på kvart rom.
Midt i bygget er det eit lite tekjøkken, felles for alle rom. Her er det to kokeplater, vannkokar, kaffetraktar og kjøleskap, og kjøkkenet er fullt utstyrt med det kjøkkenutstyret du treng. Her er òg sitteplassar til fire personar.
Dette bygget blir mest brukt til overnatting i høve leir og weekendar.

Prisar frå 1. januar 2023

Einerom: 650,- (utan sengetøy, dette kan tas med eller leigast utanom)
Dobbeltrom: 850,- (utan sengetøy, dette kan tas med eller leigast utanom)
Makspris per rom 1050,- per natt
Prisar for grupper/leir/weekend, sjå meir informasjon lengre nede på sida evt send forespørsel her

Leige av sengetøy og handkle: 100,- per sett
Ferdig oppreidd seng og handkle: 200,- per seng

Me tilbyr frukostservering til større grupper, frå 10-12 personer. Ved færre personar kan me laga frukostpakkar som kan setjast inn i kjøleskapet på tekjøkkenet på bestilling.

Utsyn barnehage held til i etasjen under.



Grupper på tur?

Skal du på tur med ei gruppe, i vekedagar eller helger, har me eigne oppsett for dette - alt etter kor mykje ein vil ha med i prisen;
-overnatting med frukost?
-ei eller fleire overnattingar, frukost, lunsj og middag? Kaffemåltid?
Ta gjerne kontakt for å få pristilbod. Skriv gjerne litt om gruppestørrelse, kva måltid du vil ha inkludert, og litt om kva standard du ynskjer!

 

Litt om Utsyn og område rundt oss

Berre ein liten kilometer frå oss, ligg Judaberg sentrum, som er knutepunktet for ferjer og hurtigbåtar til heile Ryfylke og til byen vår, Stavanger. Vil du reise kollektivt, eller ta eit ferjecruise i Ryfylke, ligg det godt til rette for dette.
Det er sjølvsagt også mogleg å køyra til Finnøy og Utsyn gjennom dei undersjøiske tunnelane som forbind oss med fastlandet. Ein 45 minutts køyretur frå Stavanger sentrum så er du her! Med Utsyn som base, er det også lett å ta dagsturar som til dømes til Preikestolen i Strand, Skomakarnibbå i Hjelmeland, og andre flotte turmål. 

Utsyn Misjonssenter kan fungera godt som base for dine opplevingar i Ryfylke! Her har du lett tilgang til flotte turløyper på alle øyane. Du kan ta med sykkelen på øyhopping for å oppleva øyriket frå sykkelsetet. Og langs vegane på øyane, i ulike gardsbutikkar og salsboder, har du rik tilgang på “det raude gullet” - tomat i alle fasongar!
Velkommen til Utsyn på overnatting! - og husk å bestille i god tid!