Utsyn Misjonssenter på Finnøy

Utsyn Misjonssenter ligg nydeleg til på austsida av Finnøy i Stavanger kommune, med flott panoramautsikt utover Finnøyfjorden. Det er 1,3 kilometer frå Judaberg som er kommunedelssentrum, og ca 45 minutts køyring frå Stavanger sentrum. Her kan du drøyme deg bort til deilige Finnøytomatar, segltur, fisketur, Ryfylkesomrar og alt anna godt som berre Ryfylke kan by på!

Utsyn er ein leirstad som er eigd av Misjonssambandet. Me er tre faste tilsette som arbeider i lag; Dagleg leiar Sissel Marie Bjerga, assisterande dagleg leiar Svanhild Eggebø Spanne og leirstedsmedarbeider Siw Iren Steinsvik. I tillegg er det mange innleigde på timebasis, og mange dugnadsmedarbeidarar.

Misjonssenteret si hovuddrift er leir- og weekendopphald, og me leiger kun ut senteret med “all inclusive” med eigne folk på kjøkkenet. Me leverer mykje catering til privatpersonar og bedrifter, og det er mykje selskap og møter av ulike slag når me har ledig til dette. I tillegg er me Finnøy sin einaste overnattingsstad med 21 rom og totalt 82 sengeplasser.
Utsyn skal vera ein alkolhol- og rusfri plass, og me er medlem i Gjestfri - ein organisasjon for kristne og rusfrie overnattingsstader.

Litt om område rundt oss

Berre ein liten kilometer frå oss, ligg Judaberg sentrum, som er knutepunktet for ferjer og hurtigbåtar til heile Ryfylke og til byen vår, Stavanger. Vil du reise kollektivt, eller ta eit ferjecruise i Ryfylke, ligg det godt til rette for dette.
Det er sjølvsagt også mogleg å køyra til Finnøy og Utsyn gjennom dei undersjøiske tunnelane som forbind oss med fastlandet. Ein 45 minutts køyretur frå Stavanger sentrum så er du her! Med Utsyn som base, er det også lett å ta dagsturar som til dømes til Preikestolen i Strand, Skomakarnibbå i Hjelmeland, og andre flotte turmål. 

Utsyn Misjonssenter kan fungera godt som base for dine opplevingar i Ryfylke! Her har du lett tilgang til flotte turløyper på alle øyane. Du kan ta med sykkelen på øyhopping for å oppleva øyriket frå sykkelsetet. Og langs vegane på øyane, i ulike gardsbutikkar og salsboder, har du rik tilgang på “det raude gullet” - tomat i alle fasongar!

Aktivitetar på Finnøy som kan vere verd eit besøk

Kaihuset
Finnøy blomster og interiør
Ryfylke Livsgnist
Tomatfestivalen SA
Innbyggertorget på Judaberg

Historia vår

På 50-talet ynskte Misjonssambandet å byggje fleire leirstader og ungdomssenter som kunne vere arena for kristent barne- og ungdomsarbeid. På Misjonssambandet sitt kretsårsmøte i 1957, vart ideen om å byggje ein leirstad i Ryfylke lufta for fyrste gong, og dette kallet nådde Gunnar og Gunda Alsvik. Ein dag då Gunnar gjekk ein tur på eigedomen sin, glei han utføre ei skrent på neset der Utsyn ligg i dag. Han opplevde det som at Guds hand berga han, og etter dette var dei samstemte om at denne staden skulle misjonen få til å driva leirarbeid for born og unge.

I 1965 stod leirplassen ferdig, og same sommaren, før alt var på plass, vart den fyrste leiren arrangert. Sidan den gong har tusenvis av born og unge vore på leir på Utsyn – og dette er fortsatt hovudverksemda her på plassen.

Opp gjennom åra har Utsyn vorte utvida i fleire omgangar; fyrst med fleire overnattingsrom i sokkelen under internatet, så i 1981 stod hyttene ferdige. Hausten 1982 starta barnehagen opp. I dag har denne lokaler i sokkelen under internatet og ved sida av internatet. Det siste er dei fire nye dobbeltromma på Bjørketun som stod ferdig hausten 2015.

I 2017 endra Utsyn namn frå Utsyn Ungdomssenter til Utsyn Misjonssenter. Leirarbeidet er fortsatt hovedverksemda, men det foregår mykje anna når det er ledig kapasitet; selskap, bryllaup, konferansar, møter, opne middagar, og mange bestiller catering frå oss. Og som einaste overnattingsstad på Finnøy, har me mykje gjester på overnatting.

Året 2020 blei eit spesielt år for Utsyn, som for alle andre. Men; nedstenginga utløyste at me fekk tatt eit stort etterslep av vedlikehald; me fekk totalrenovert kjøkkenet, bygd om loftet, pussa opp tre av fire vegger og taket i matsalen, montert nytt ventilasjonsanlegg i heile bygget, bygd om hovedinngang, toalett og kontor, og gjort masse med uteområdet. Me er enormt takksame for at me fekk nytta den nedstengde tida så godt, og gler oss over å ha tatt i bruk “nye” Utsyn!
I 2022 utvida me matsalen med 32 kvm og salen oppleves nesten dobbel så stor som før. Det er blitt svært gode og tenlege lokaler for oss, til leir, selskap og konferanse.
I februar 2024 tok me i bruk enno ei utviding; møtesalen fekk påbygd scene på 35 kvm og stova vart utvida nedover mot sjøen med 36 kvm. Eit stort løft som me trur vil bety mykje for framtida!

Utsyn har mange vener som brenn for plassen, og som ivrar for å vere med på dugnad – både på kjøkkenet og utvendig med vaktmesteroppgåver. Dei brenn for at Utsyn skal få vere eit misjonssenter både lokalt og regionalt.  

På Utsyn

Ballbinge
Ballbingen ligg rett ovanfor internatet og er ein god arena for leik og ballspel. Ballbingen er og flittig brukt av borna i byggefeltet rundt.

Leikeplass
Me har ein liten leikeplass midt i tunet med forskjellige leike- og klatreapparat. Det er også mogleg å nytta leikeplassen til barnehagen utanfor opningstidene deira.

Gapahuk
Går du ned mot sjøen på nedsida av Utsyn, er det bygd ein gapahuk med sitteplasser og grillplass. Her er det fin utsikt utover Finnøyfjorden, og ein triveleg stad å grille. Ta med vener og gitaren til ei i koseleg kveldsstund, eller gå ned berre for å nyta i morgonsola i aust på fine somardagar.

Stangfiske og bading i sjøen.
Utsyn ligg nydeleg til ute på neset. Nedføre gapahuken er det eit flott, men bratt område ned mot sjøen. Her er det kjekt å bada for ungdom og vaksne, og det er flotte forhold for stangfiske. Dersom du vil ha med borna til sjøen, anbefalar me heller å gå til badestranda ved Fåholmen eller til Kvitevik på andre sida av øya.

 

 

Preg barnehager Finnøy

Preg barnehager Finnøy held til på Utsyn under internatet, i nyoppussa lokaler, og flott nyoppgradert uteområde. Barnehagen er ein kristen barnehage, driven av Misjonssambandet, med kristen formålsparagraf. Det er ein treavdelingsbarnehage, med totalt 45 plasser, og har god søkning til barnehagen. Ta kontakt med barnehagen om du er interessert i å søkje om plass.